KVASK sitt online forum
 
HomeHome  CalendarCalendar  GalleryGallery  Spørsmål og SvarSpørsmål og Svar  SøkSøk  MedlemslisteMedlemsliste  GrupperGrupper  Registrer degRegistrer deg  Logg innLogg inn  

Share | 
 

 Kva skal ein velge?

Go down 
ForfattarMelding
ronarheim

avatar

Innlegg : 132
Join date : 05.10.2010

SkriveEmne: Kva skal ein velge?   tor okt 07, 2010 4:50 pm

Du som er ny i airsoft står framfor ein heil del val.

Spelestil, type utstyr, våpen, radio og diverse andre tema dukkar opp.

Her er eit par tips og rettesnorer for deg som er ny:

1. Spelestil.

Denne er veldig enkel. Veldig mange som kjem inn i Airsoftmiljøet tenkjer med ein gang at dei skal spele som "sniper". Dette er feil. Dersom din oppfatning av eit artig spel har element av å ligge heilt i ro og kikke på eit mål, gjerne i 3-4 timar, for så å kanskje (KANSKJE) få skutt eitt skudd som mest sannsynleg ikkje treff målet, skal du heller få lov. Dette er ikkje arcade gaming. Spelestilen din bør vere mest mogleg dynamisk, og med det meiner eg at så lenge du ikkje er Lagføra, bør du gjere som lagføraren seier. Dette fører til at du, i samarbeid med laget ditt, får det meir gøy. Ingenting er meir tilfredsstillande enn ein plan som virkar fordi alle gjorde som dei skulle. Dette er ikkje gøy berre for LF, men og for den enkelte "menige" i laget.

2. Type utstyr.

Her finnes eit hav av ulike ting. Det lettaste for deg som begynnar, er å kjøpe ein enkel vest eller chest rig som tek 6-8 magasin. I tillegg til det, bør du ha eit par sko som støttar om okla, og kamuflasje. Med det, har du eit greit begynnarutstyr. Hopp over tunge skuddsikre vestar og hjelmar, då desse ikkje gjer at du "tåler" meir i airsoft.

3. Våpen.

Sjå vekk fra semi-auto, MG eller Boltrifler til å begynne med. Du blir vanlegvis satt til å angripe (eller forsvare) eit punkt, og ut i frå det, må ein rekne med at ei angrepsrifle er mest praktisk. Med ei angrepsrifle av typen M-15, AK-47, G-36 eller liknande er du smidigare, raskare, har meir skot i lufta, og ikkje minst; du blir sinnsjukt deilig. Med ein MG har du mange skot, men er ikkje like mobil. Semi-auto minskar mengden plast i luft under angrep, og det samme gjeld boltrifler (herunder også hagler).

4. Radio.

Få deg radio. Eit av dei viktigaste momenta i eit bra gjennomført oppdrag er kommunikasjon. Kommunikasjon vinner kampen, enkelt og greit. Sjå på ulike versjonar av merket Cobra eller Motorola i UHF-frekvensen.

Dersom andre har noko å tilføye for dei som er nye, så kjør på! Smile
Til toppen! Go down
Vis profilen til brukaren
Vidar
Admin
avatar

Innlegg : 767
Join date : 05.10.2010
Age : 30
Bustad : Husnes, Kvinnherad

SkriveEmne: Re: Kva skal ein velge?   tor okt 07, 2010 5:06 pm

Samarbeid er nøkkelen til å få det kjekt i Airsoft.
Er du "rambo" og berre vil springe rundt for deg sjølv, så er det vel og bra. For DEG. Det kan vere frustrerande for laget ditt dersom du ikkje vil bidra til samholdet.
Det er sjølvsagt opent for å sende ein eller to på flankemarsj eller noko liknande, men då er det avtalt i laget og godkjent av LF Smile

_________________
Vidar Håland
Til toppen! Go down
Vis profilen til brukaren http://www.kvask.tk
 
Kva skal ein velge?
Til toppen! 
Side 1 av 1

Permissions in this forum:Du kan ikkje svare på emner
Kvinnherad Airsoftklubb :: KVASK :: Nybegynnarar-
Gå til: